top of page
bilde av meg.jpeg

Hei

På denne sida har eg tenkt å samle gode minner frå turar eg har vore på. Det meste er fjellturar, men det kan komme inn ein og anna tur til meir urbane strøk og. For meg er det å gå tur den beste rekreasjonen som finnes. Som Morten seier: Den beste psykologen er gratis og heiter Nordmarka. Sammen med Brit satt eg ein gong i fred og ro inntil ei furu  gong oppe ved Øyungen, i Nordmarka, då høyrte vi nokon som kom gåande nedpå stien i ein god samtale. Når vi såg personen, var han aleine, men snakka like høgt. Tydeleg vis i ein samtale med sjefen sin, og med kona som sufflør. Interessant og kanskje eit prov på at Morten har rett.

Turane mine er enkle og lette. Målet er ikkje å koma fram, men å vera på tur. Nokon av dei kan kanskje virka litt slitsame, eller lange og tunge, men sjølv fleirdagarsturar på Svalbard er laga så fint at dei kan gjerast av dei fleste. 

Eg skriv og lagar dette mest for meg sjølv. Det er ikkje så vanleg å framkalla bilder lenger. Men om du skulle bli inspirert til å gå tur så er jo det flott det og. Og eg pratar gjerne om turane mine, så om du lurer på noko er det berre å ta kontakt. 

Johan

  • Facebook
  • LinkedIn

Om meg

Eg er vaksen opp i Ålvik i Hardanger, ei industribygd som mange berre reiser gjennom. Men som er ei veldig fin bygd om ein kjem litt utanfor riksvegen. R-7 heiter den og er den samme som fører deg over Hardangervidda. Det er med turar både frå Ålvik og frå Hardangervidda her inne. Eg flytta frå Ålvik rundt 1980. Først eitt år i militæret i Bodø, så studier i Oslo. Og der har eg budd sidan, med untak av nokre år i Brussel. Eg har og fått med meg kortare jobb-opphald i Tyskland og Latvia. No brukar eg det meste av tida utanom jobb på friluftsliv. Ungane er så store at dei har enten flytta ut eller ikkje treng meg på samme måte lenger. På vinteren er eg frivillig og kjører spor for Skiforeninga med base på Kikut. Der har eg scooteren ståande og kjører då vatna rundt området det, samt alle scooterløyper som går i området rundt Kikut. www.skiforeningen.no  www.kikutstua.no

Der vi er no i livet er Brit og eg "særbuara". Ho bur på Sortland og jobbar som bærekraftsleiar i RenoVest, mens eg og Ingeborg bur i huset i Oslo. På sommar, og også vår og haust blir det mykje Vesterålen også på meg. Vesterålen er eit paradis for folk som er glad å gå tur, og det er mange turar derfrå på sida mi her.  

Håkon er framleis student i Trondheim og Astrid jobbar i forsvaret på Brektsad på Ørlandet.

Kontakt:

Lura du på nokon av turane, er det berre å ta kontakt!

​

REINSLIPAATUR.COM

©2024 av REINSLIPAATUR. Laget med Wix.com

bottom of page